Mat til verda

med Stad som utgangspunkt

Med respekt for ressursane

Linefiske er den mest miljøvenlege fiskemetoden. Skånsam behandling og kort prosess frå fiskefangst til innfrysing gir eit glimrande utgongspunkt for delikate matrettar og gode fiskemiddagar. Havfrossen fisk er fersk.

Ervik Havfiske er mellom dei framste når det gjeld miljø, kvalitet og leveringsdyktigheit. Vi tek vare på ressursane og verdiane – vi tek vare på lokalsamfunnet og folka.

Globalt rederi med lokal forankring

Ervik Havfiske er det leiande linebåtrederiet i Noreg og mellom dei største når det kjem til fangstverdi.

Sjøfrossen linefanga kvalitetsfisk er selskapet sitt hovudprodukt, og fisken vert omsatt i ein global marknad. I Barentshavet og Norskehavet vert det drive linefiske av torsk, hyse, steinbit, brosme og lange. I farvatn rundt Antarktis vert det fiska tannfisk. All fisk endar opp som høgverdig mat på fat i alle verdsdelar.

Gruppa består av over 30 selskap som i samarbeid driftar og betjener den store linebåtflåta.
Ervik Havfiske Gruppa er ei stor lokal drivkraft og ein viktig arbeidsplass i Sogn og Fjordane.

Gruppa er leiande innan forsking og utvikling. Flåten består av 10 havgåande autolinebåtar, og flaggskipet MS Frøyanes er verdas største linebåt.
Rederiet er også engasjert i vaktfartøy innan offshore, verkstad og forsyning.

Aktuelt

Mannskap-Frøyanes

Rekord fra baug til akter

Gustav Aarsheim, Kristian Heggem, Vladimir Shevshuk, Kristoffer Aarsheim og resten av mannskapet på Frøyanes har rekordfangst og kvalitet med fra Barentshavet. Klar for verdensmarkedet.

Vervarsel frå Ervika

This post is also available in: English