Ervik Havfiske AS

Ervik Havfiske AS er «operatør-selskapet» i det som ofte blir kalla Norges største linereiarlag.

I dag er vi involvert i drifta av 11 linefartøy, 2 sjarker og 4 offshorefartøy. Ervik Gruppa har eigarinteresse gjennom dotterselskap og tilslutta selskap. Andre fartøy har ein ulike samarbeidsavtalar med.

Alt fiske med linefartøyene går føre seg med botnline med automatisert eigning. Fisken vert henta opp ein og ein. Så snart fisken er om bord, blir han sendt gjennom produksjonslinene og vidare til innfrysing med temperatur under -18 grader C. På denne måten blir den gode kvaliteten teken vare på.

I 2015 leverte fartøya meir enn 14 500 tonn høgkvalitetsprodukt, hovudsakleg som sløgd fisk utan hovud og innmat. Fangstane er for det meste torsk, hyse, lange og brosme, og skjer på norske kvotar. Fiskeriet skjer i Barentshavet, Nordsjøen og Norskehavet forutan i «EU-hav».

Gjennom samarbeidet vårt med franske og britiske selskap er vi involvert i det avanserte og krevjande fiskeriet etter tannfisk, kor det er knytt mykje norsk kompetanse til utvikling og gjennomføring av fiskeriet. Inspektørar om bord følgjer fiskeria og ser til at ein viktig ressurs blir forvalta rett, og at sårbar natur blir teken vare på. Meir enn 2000 tonn h/g av gourmetfisken tannfisk kjem frå det sørlege Atlanterhavet og Antarktis via våre fartøy.

I sesongen 2014/15 hadde gruppa eit norskflagga fartøy på dette fiskeriet, i tillegg til dei andre 3 frå UK/Frankrike.

Ervik Gruppa er aktive på miljømerking av fiskeria både i nord og sør. Dette arbeidet går føre seg kontinuerleg.

Kontakt

Otneimneset, NO 6750 Stadlandet

Sentralbord: +47 57 85 94 00

Sentralbord Fax: +47 57 85 94 01

 post@ervikhavfiske.no

Administrasjon

Konferanserom
+47 57 85 94 49

Fartøydrift

Magnar Gangeskar
Kvalitetsleder
+47 913 27 830
magnar@arcticlinefish.no

Åge Lundebrekke
Produktutvikler
+47 917 18 095
aage@ervikhavfiske.no