Antarktis

Ervik Havfiske er leiande internasjonal aktør innan avansert fiske etter tannfisk i Antarktis. Fiskeriet er ein bærebjelke i økonomien til rederiet.

Tannfisk er ein anerkjent matfisk i USA og i Asia. I Noreg og Norden er den så godt som ukjent. Dette ynskjer Ervik Havfiske å endre. Tannfisken er svært velsmakande og kan bli ein helt ny ressurs og råvare i norske gourmet- og sjømatkjøkken. Dette vil auke verksemda si konkurransekraft og lønnsemd – og få regional betydning.

Fisket i Antarktis reknast som eit av verdas mest avanserte og krevjande, og det er betydelig norsk kompetanse knytta til fiskeria. Inspektørar om bord i fartøya følgjer fiskeria. Ein sårbar natur og ein viktig ressurs vert godt forvalta og nøye våkta.

Fisket i Antarktis skjer på ein miljøvenleg og skånsam måte for å bevare råstoffet – og verda.