Sidesti • Heim - Aktuelt - Fiskemiddagen blir klar om bord

Fiskemiddagen blir klar om bord

Det er ikkje utan stoltheit at Stig og Kjell Magne Ervik presenterer teikningar og modellar av det nye flagg-skipet sitt "Frøyanes" i lineflåten til Ervik Havfiske.

Hausten 2011 reknar dei med at det som blir ein av verdas største og mest moderne linebåtar er klar for dei sju hav.

Nye Frøyanes blir levert i 2011 (datateikning)Nye Frøyanes blir ein båt som tek vare på alt om bord av fisk og fiskeprodukt. Under dekk er det ein moderne fabrikk som produserer forbrukarferdig fisk – klar for middagsbordet i dei tusen heimar.

Alle produkt blir pakka om bord – klar for steikepanna eller fiskegryta til forbrukaren. Når kundane kjøper fiskemiddagen kan dei sjå båtnamn, kva område fisken er fiska i og dato for fisket.

Torsk, hyse og sei har vi fått dei mest krevjande miljøsertifikat for (MSC og KRAV). Dette gir betre pris på fiskeprodukta, seier Stig Ervik.

Som første norske linebåt får Frøyanes hermetikkfabrikk om bord. Lever og rogn skal seljast som hermetikk, og fiskeavskjeret blir og utnytta. Om bord blir det ensilasje tankar der vi tar vare på det avfallet som ikkje kan brukast i hermetikken.

OPPLÆRING
Vi begynte med lærlingar om bord i båtane våre i 1998, og sidan då har vi hatt meir enn 50 lærlingar. Mest fiske- og fangst-lærlingar som skal gå vidare til skipper, men og ein del maskin-lærlingar som skal bli maskinistar, fortel linebåt-reiaren.

På nye Frøyanes vil vi legge godt til rette for lærlingar, vi vil ha eige klasserom, med internettlinjer der dei kan kople seg direkte opp til skulen for innlevering av prøver. Dei vil få full opplæring om bord i behandling av fisk, fiskeutstyr, redningsutstyr, reinhald osv. Om bord i Frøyanes vil det og vere muleg å ha med kokkelærlingar.

For å få kapasitet til opplæringa blir båten bygt med 6 ekstra lugarplassar. Pluss klasserom og ekstra store opphaldsrom, eige trimrom, sauna og kino for at opphaldet om bord skal vere så komfortabelt som muleg. -Vi i Ervik Havfiske meiner at dette er veldig viktig for rekruttering av skipperar, maskinistar og mannskap, seier Stig Ervik.

MILJØPROFIL
Det blir lagt stor vekt på at båten skal vere så miljøvennleg som muleg. Også på nye Frøyanes vil det bli diesel elektrisk drift, slik som det var på tidlegare Frøyanes. På motorane blir det sett inn reinseanlegg for å redusere NOx utslepp, fryseri blir bygt med nyaste teknologi som er på marknaden for å redusere utslepp. Skroget har vore i modelltank for å få topp utforming for redusert brennstoff-forbruk.

DESIGN
For 6. gong har Ervik Havfiske valt Marin Teknikk som designer av eit nybygg. Det blir brukt norske leverandørar, på same måte som vi har brukt tidlegare på våre nybygg, seier Stig Ervik.

Båten vert bygd ved Tersan Ship-yard i Tyrkia, den skal vere ferdig i september 2011. Då skal den gå til Noreg for montering av fabrikk, fiskeutstyr og egnemaskin.

Nye Frøyanes er 60 meter lang og 14 meter brei, og blir bygt med dragebrønn i tillegg til vanleg dragerom for haling av line.

 


Ervik Havfiske, Otneimneset, N 6750 Stadlandet, NORWAY - T: 57 85 94 00 - E: post@ervikhavfiske.no

         atilaa web logo

Login Image Bank