Frøyanes er den største og mest miljøvennlege linebåten som nokon gong er bygt. Under dekk er det fabrikk for hermetikk og filet.
Ferdig vakuumpakka fiskeprodukt blir produsert om bord.
Frøyanes representerer eit kvantesprang i forhold til førre nybygg i reiarlaget, både når det gjeld storleik og nyvinningar. Fartøyet er 60 meter langt og 14 meter bredt. Det første som slår deg når du kjem om bord er sikkerheit, trivsel og komfort. Og sjølvsagt effektivitet.
Ordet "fiskar" får ny meining når du kjem om bord. Treningsstudio, badstove, kino, salongar, opphaldsrom og messe med edelt tre og design. Brua er stor som ei gjennomsnittleg moderne leilegheit, byssa er av hotellkjøkkenstandard og lugarane som gode hotellrom. All elektronikk er topp moderne. Overvaking av skip og fiske er automatisert.
Dieselelektrisk framdrift, dragebrønn, tre moderne fabrikkar og det siste nye innan eigning, sette- og dragesystem, er mellom utstyret om bord. Dette er også den første linebåten i verda med hermetikkfabrikk. No skal det i første rekke produserast hermetikk av lever.
Hermetikkfabrikken gir spennande mulegheiter. Tanken er å kunne utnytte alt frå fisken, også slo og avskjer. I dag blir ikkje desse restprodukta utnytta. Med den nye fabrikken i Frøyanes kan ein for eksempel produsere katte- og hundemat. Men avskjer og bifangst kan få langt vidare utnyttingsgrad. Reiarlaget samarbeider med ulike forskingsmiljø om dette.
MS Frøyanes er det mest moderne og ikkje minst det mest miljøvennlege fiskefartøyet i verda. Linefartøyet har frekvensstyrt dieselelektrisk framdriftssystem, noko som reduserer drivstofforbruket og CO2 utsleppet vesentleg for denne type skip. CWI systemet som fuktar innsugingslufta til motoren, reduserar oljeforbruket (mindre CO2 utslepp) og gir redusert NOx, som er ein miljøfarlig avgass.
Med det dieselelektriske framdriftssystemet vil ein spare rundt 30 prosent drivstoff, i forhold til konvensjonell dieselframdrift. Fartøyet kan laste 600 tonn, pluss 200 tonn forråd (agn, proviant og anna forbruksmateriell). Den nye skrogforma, som er uttesta i modelltank og optimalisert for låg skrogmotstand, gir nybygget eit fartsområde på rundt 13 knop. Frøyanes har eit mannskap på 20-22 personar, mot normalt 15 på eit fartøy som dette, men denne satsinga vil likevel vere meir lønsam på sikt.
Klikk på eit bilde, og bla deg mellom dei:
|