Sidesti • Heim - Aktuelt - Skal fiske "norsk tannfisk"

Skal fiske "norsk tannfisk"
Seljevær er på veg mot Sørpolen, etter ferdig utrusting ved Westmek den seinare tida. No er det fiske i Ross- og Amundsenhavet som gjeld. Dette er den eineste tannfiskbåten på norsk flagg for tida, og medfører at tannfiskimporten blir "norsk tannfisk".

Seljevær ved kai på Westmek for utrusting. Foto: Olav SteimlerFisket er det same som blir drive med linebåtane Argos Georgia og Argos Froyanes, men på norsk flagg.

Turen er lang. Seljevær kjem til Montevideo 4. -5 . november. Båten starta fra Stad 7. oktober. Deretter tar det ca 3 veker frå Montevideo til feltet. Fisket opnar 1. desember, og er eit såkalla olympisk fiske etter tannfisk. Olympisk betyr at kvar båt fiskar det den greier innanfor kvota. Seljevær har eit mannskap på 19 nordmenn, russarar og søramerikanarar. I tillegg vil det vere med 2 sørafrikanske inspektørar.

For båten og nokre av mannskapet er dette gjensyn med tidligare jaktmarker. Kor vidt den blir i sør etter forventa sesongavslutting i februar/mars er uklart, men det blir jobba med det.
 


Ervik Havfiske, Otneimneset, N 6750 Stadlandet, NORWAY - T: 57 85 94 00 - E: post@ervikhavfiske.no

         atilaa web logo

Login Image Bank