Linefanga hyse frå Ervikfisk var første rett i finalen i Det Norske Måltid 2011 i Stavanger.
Eit forrykande TV show og ein fantastisk gallamiddag var hovudingrediensane saman med festmenyen som opna med ryggstykke av hyse frå Ervikfisk. Servert i et lite «norgesglass» med delikat tilbehør. «Fantastisk godt og utruleg kvalitet» var replikkane rundt borda, der 1200 mat-entusiastar var samla. Med Ingris Espelid Hovig som Hederspris-vinnar og med Arne Hjeltnes og Heine Totland som TV vertar.
Hensikta med Det Norske Måltid er å fremje norsk matkultur og norske råvarer. I ein slik samanheng høyrer Ervikfisk sjølvsagt heime.
Ervikfisk er en av samarbeidspartane til Det Norske Måltid 2011. Mange av deltakarane på Fagkonferansen, som vart arrangert i forkant av festmiddagen, presiserte behovet for betre fiskeprodukt til det norske folk. I den samanhengen var forbrukarferdige produkt, slike som Ervikfisk representerer, spesielt ønskt velkommen.
Varekjeder som Coop presiserte på Fagkonferansen si interesse for nye kvalitetsprodukt, og spesielt fiskeprodukt. Gastronomisk Institutt i Stavanger er nå også kjent med Ervikfisk og interessert i den type produkt som kjem i marknaden.
Les om oppskrifter på godfisk.no og om Det Norske Måltid på detnorskemaltid.no
|