Sidesti • Heim - Miljø - Miljøsertifisering

Miljøsertifisering
MSC
Ervik Havfiske er aktive og førande på miljømerking av torske- og hysefiske i Barentshavet.

Fiske etter norsk-arktisk torsk og hyse er sertifisert av MSC (Marine Stewardship Council),

eit av dei leiande miljømerka i verda. Dette merket tek i hovudsak føre seg forvaltning og gjennomføring

av fiskeriet. I tillegg er fartøya i Ervik-gruppa sertifisert i høve det svenske "KRAV"-merket, som i

større grad tek føre seg innsatsfaktorane i fiskeriet.

Fiskeriet som våre båtar tek del i i Sørishavet er MSC sertifisert for fiske i området rundt Sør-Georgia.

Det same gjeld i Ross- og Amundsenhavet ved Sørpolen, kor vi inngår i gruppa av fartøy frå UK

og New Zealand som har fått sertifisering.

Arbeidet med miljøsertifisering etter dei nyaste og strengaste krava går føre seg kontinuerleg.krav_logo

 


Ervik Havfiske, Otneimneset, N 6750 Stadlandet, NORWAY - T: 57 85 94 00 - E: post@ervikhavfiske.no

         atilaa web logo

Login Image Bank