Sidesti • Heim - Om oss

Naturgitt og lokal drivkraft

Med Stadt som utgangspunkt og frå kontora sine i havkanten held selskapet Ervik Havfiske Holding AS og selskapa som inngår i Ervik-gruppa til. Moderne fiskeri og drift av reiarlag krev eit system av administrasjon, logistikk og engasjerte medarbeidarar, og frå eit topp moderne hovudkontor administrerer ein her ei global verksemd. Dette inneber å halde oversikt over internasjonale og nasjonale reguleringar, føreskrifter for gjennomføring av fisket, kontroll med økonomi og drifta generelt.

Gjennom årtusen har folket ved Stadt drive fiske og søkt utfordringar. Gruppa av Ervik-selskap har kontorvindauga vende – ikkje berre mot Stadthavet , men – mot verda og verda sin matvareproduksjon.

Ervik-gruppa er opptekne av å skape aktivitet i lokalsamfunnet. I tillegg til at båtane har basen sin på Stadlandet, og nyttar leverandørar frå nærområdet for levering av fiskeutstyr, bunkers og agn, finansiering og forsikring, har ein eigne selskap lokaliserte på Stadt som tek seg av forsyningstenester, vedlikehald og rekneskapsføring.


ervikhavfisker lite arctic linefiske lite nordic marine lite
westmek lite vest okonomisenter lite vestkapp handel lite

 


Ervik Havfiske, Otneimneset, N 6750 Stadlandet, NORWAY - T: 57 85 94 00 - E: post@ervikhavfiske.no

         atilaa web logo

Login Image Bank