Arctic Linefish AS er salsselskapet vårt. Som namnet fortel, er hovudfokuset til selskapet å omsetje linefanga fisk.
Selskapet tek del i fiskeauksjonar og kjøper fisk ikkje berre frå fartøy i Ervik-gruppa, men og frå andre linebåtar i Norge. Råstoffet ein kjøper og sel er i hovudsak såkalla H/G produkt, dvs. fisk utan hovud og innmat.
Fisk som kjem levande om bord og blir teken hand om ein og ein, med kort tid til innfrysing, gjev topp kvalitet.
For oss er det viktig at Arctic Linefish AS promoterer den spesielle kvaliteten som ein oppnår med linefangst. Vi tek miljøkrav og krava frå forbrukarane om bærekraftig fiske og trygg mat på alvor.
Arctic Linefish AS er MSC-godkjent for omsetjing av norsk-arktisk torsk, sei og hyse.
|