Det starta med to unge modige fiskarar – tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik, og MS Frøyanes i 1987. Båten var oppkalla etter fiskebåten som bestefedrane Jetmund og Julius Ervik eigde på 1950-tallet. Gjennom hardt arbeid, teft og erfaringar har dei bygt opp og utvikla eit linereiarlag frå den spede starten i 1987 til å vere eit av verdas største.
Linefisket går føre seg i nokre av dei hardaste farvatna som finnast, sommar som vinter - under midnattsol og mørketid. Etter 5 år med både opp- og nedturar kjøpte dei unge linefiskarane frå Ervik båt nummer to. I 1995 hadde Ervik Havfiske ein flåte på fire fiskebåtar; Frøyanes, Frøyanes Jr, Lyngholm og Statthav.
Året etter såg Ervik Sjøfisk Invest AS dagens lys. Målet var å skaffe fleire nye fartøy, og i løpet av 1998 fekk dei overlevert fire nye båtar. Sidan har det gått slag i slag. I 2001 bygde dei Frøyanes (seinare Argos Froyanes ), som var den fyrste linebåten med dieselelektrisk framdrift. Selskapet var med og sikra kapital til unge fiskarar som ville skaffe seg eigen båt. Selskapet tok seg óg av avtaler med leverandørar og samordna drifta av fartøya. Etter kvart vart fleire av fellesoppgåvene flytta nedover i dotterselskap som Nordic Marine AS, Westmek AS og Vestkapp Handel AS. Ervik Sjøfisk Invest AS skifta namn til Ervik Havfiske AS i 2001.
Dei som står bak Ervik Havfiske har alltid vore prega av genuin interesse for faget, og evne til å tenkje langsiktig. Dei har aldri vore redde for å satse. Det opprinnelge linereiarlaget har gjennom historia si vore prega av ei pionérånd. Dei har utvikla seg frå tradisjonell drift med tradisjonelle reiskapar til ei gruppe av reiarlag som ligg i fremste rekke med å utvikle og prøve ut nye konsept , samt prøve seg på stadig nye havområde.
Etter kvart er Norges største gruppe linereiarlag – Ervik Gruppa – representert på nesten alle verdshav. Suksessen har klar samanhang med at reiarane har tort å gje andre tillit og har satsa på gode medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
|