Ervik Havfiske AS er "operatør-selskapet" i det som ofte blir kalla Norges største linereiarlag.
I dag er vi involvert i drifta av 15 linefartøy og 1 garnfartøy. Ervik Havfiske AS har eigarinteresse i 7 av desse, gjennom dotterselskap og tilslutta selskap. I tillegg kjem Frøyanes AS sine eigarinteresser i 4 andre fartøy. Dei andre fartøya har ein ulike samarbeidsavtalar med.
Alt fiske, med MS Stålholm som eit unntak, går føre seg med botnline med automatisert eigning. Fisken vert henta opp ein og ein. Så snart fisken er om bord, blir han sendt gjennom produksjonslinene og vidare til innfrysing med temperatur under -18 grader C. På denne måten blir den gode kvaliteten teken vare på.
I 2010 leverte fartøya meir enn 20.000 tonn høgkvalitetsprodukt, hovudsakleg som sløgd fisk utan hovud og innmat. Fangstane er for det meste torsk, hyse, lange og brosme, og skjer på norske og russiske kvotar. Fiskeriet skjer i Barentshavet, Nordsjøen og Norskehavet forutan i "EU-hav".
Gjennom samarbeidet vårt med franske og britiske selskap er vi involvert i det avanserte og krevjande fiskeriet etter tannfisk, kor det er knytt mykje norsk kompetanse til utvikling og gjennomføring av fiskeriet. Inspektørar om bord følgjer fiskeria og ser til at ein viktig ressurs blir forvalta rett, og at sårbar natur blir teken vare på. Meir enn 1500 tonn av gourmetfisken tannfisk kjem frå det sørlege Atlanterhavet og Antarktis via våre fartøy.
I sesongen 2011/12 vil gruppa også ha eit norskflagga fartøy på dette fiskeriet, i tillegg til dei andre 3 frå UK/Frankrike.
Ervik Havfiske AS er aktive og førande på miljømerking av fiskeria både i nord og sør. Dette arbeidet går føre seg kontinuerleg.
|