Dyrefôr av kvitfiskavfall

Frøyanes får tre millionar kroner i forskingsstøtte.

Fiskeribedrifta Frøyanes AS på Stadtlandet vil bruke restråstoff frå kvitfisk til å lage hermetisert dyrefôr om bord på båtar i autolineflåten, og får no inntil tre millionar kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet i forskingsstøtte.

Dyrefôr av kvitfiskavfal i hermetikkboks

Hermetikkfabrikken på MS Frøyanes skal teste ut hermetisk for til katt og hund

Av restråstoff frå kvitfisk har ein tidlegare berre nytta seg av lever og rogn i sesongen, og årleg vert fleire hundre tonn fiskeavfall lempa rett på sjøen. Frøyanes vil derfor utforske nye moglegheiter for heilårsutnytting av hovud, avskjer, innmat, buklister og liknande. I prosjektet skal ein både analysere næringsinnhaldet i råstoffet, drive produktutvikling retta mot marknaden for dyrefôr og utvikle metodar for prosessering og hermetisering om bord på båtane.

– Her snakkar ein om å lage kommersielle produkt av råstoff som elles berre vert kasta, så denne forskinga har heilt klart eit potensial til å bidra til både verdiauke og betre ressursutnytting i kvitfisksektoren, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å løyve 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor.

– Nedgangstider i oljebransjen gir eit stort behov for nyskaping i landsdelen vår, og regjeringa har gitt fondet ei ekstraløyving i år for å bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet på Vestlandet. Eg er overtydd om at forskingsbasert kunnskap og innovasjon er nøklar til å lukkast i dei endringsprosessane vi står overfor, og er glad for at vi har fått mange og gode søknader også i denne tildelingsrunden, seier Solveig Ege Tengesdal.