Med Stad som utgangspunkt og frå kontora sine i havkanten held selskapet Ervik Havfiske Holding AS og selskapa som inngår i Ervik-gruppa til. Moderne fiskeri og drift av reiarlag krev eit system av administrasjon, logistikk og engasjerte medarbeidarar, og frå eit topp moderne hovudkontor administrerer ein her ei global verksemd.
Dette inneber å halde oversikt over internasjonale og nasjonale reguleringar, føreskrifter for gjennomføring av fisket, kontroll med økonomi og drifta generelt. Gjennom årtusen har folket ved Stad drive fiske og søkt utfordringar. Gruppa av Ervik-selskap har kontorvindauga vende – ikkje berre mot Stadhavet , men – mot verda og verda sin matvareproduksjon.
Ervik-gruppa er opptekne av å skape aktivitet i lokalsamfunnet. I tillegg til at båtane har basen sin på Stadlandet, og nyttar leverandørar frå nærområdet for levering av fiskeutstyr, bunkers og agn, finansiering og forsikring, har ein eigne selskap lokaliserte på Stad som tek seg av forsyningstenester, vedlikehald og rekneskapsføring.
Ervik Havfiske AS
Vestkappvegen 1434
NO 6750 Stadlandet
NORWAY
Tel: +47 57 85 94 00 E-mail: post@ervikhavfiske.no
Copyright all Pictures: Ervik Havfiske Group.