Linefiske – ein miljøvenleg fiskemetode

Linefiske er selektiv i forhald til art og storleik, det skadar i liten grad havbotnen og gir fangst av høg kvalitet med relativt lite forbruk av drivstoff.

Ervik Havfiske AS driv i hovudsak linefiske etter brosme, torsk, hyse, lange, kveite og steinbit.

Ansvarleg fiske betyr at ein fangar rett fisk, i rett alder, i best mogeleg tilstand og på ein mest mogeleg effektiv måte. Det vil også sei at ein tek vare på tryggleiken til mannskapet og at ein gjer minst mogleg skade på miljøet.

Ervik Havfiske AS er mellom verdas framste og mest moderne innan linefiskeri.

Miljøsertifisering

Ervik Havfiske AS er aktive og førande på miljømerking av fiskeri, og var dei første i verda som fekk MSC-sertifisert fisket etter torsk og hyse i Nordøst-Atlanteren. Av MSC organisasjonen reknast dette som ei historisk hending. Vi er óg sertifisert av svenske KRAV for norsk torsk og hyse. Arbeidet med miljøsertifisering etter dei nyaste og strengaste krava pågår kontinuerleg.

Det uavhengige sertifiseringsbyrået MSC (Marine Stewardship Council) er det leiande miljømerket i verda, og den standarden med breiast oppslutning rundt fiske etter ville artar.

Fiskeriet i Sørishavet er MSC-sertifisert for fiske i området rundt Sør-Georgia. Det same gjeld i Ross- og Amundsenhavet ved Sørpolen.