Ervik Supply AS
– ei bedrift i Ervik Havfiske Gruppa
Ervik Supply – tidlegare Nordic Marine, held til i same bygget som administrasjonen til konsernet ved Otneimneset.
Ervik Supply AS vart etablert i 1996 og er lokalisert på Otneimsneset på Stadlandet. I fjøresteinane mot Vanylvsfjorden ligg anlegget lett tilgjengeleg med ei 16 meters kai og ei 40 meters kai. Grunntanken til at selskapet vart etablert er å samordne innkjøp av agn, Lineutstyr, Emballasje o.s.v. for å dra nytte av storbedrifts-fordelar igjennom gode leverandør avtaler, og å kunne sikre rask leveranse for å skape eit rimelegare alternativ til våre kundar.
Vi leverer alt samla på kai noko som effektivgjer landligge, ved at en kan klargjere for neste tur samtidig som vedlikehald utførast om bord og båten kan snu tur på kortare tid.
På anlegget har vi bygd opp eit stort hovudlager med line, krok, fiskeutstyr, emballasje, vaskeutsyr, samt ei stor fryse med kapasitet på 500 tonn der vi leverer agn til våre kundar med fordelaktig pris. Vi er og leverandør av bunkers og har vaskestasjon. I tillegg har vi ein butikk der ein kan finne både verktøy, maling, reservedelar og anna forbruks materiell til eigna båt. Vi importerar delar direkte frå fabrikk eller knyter oss tettast mogleg opp imot importør, noko som gje våre kundar fordelaktig pris.
Ervik Supply kan og tilby transport-oppdrag. Vi kan frakte utstyr via vår lastebil, eller utføre arbeid med vår mobilkran med kapasitet på 40 tonn. Vi har òg bil for transport av mindre varer eller kan utføre transport av mannskap om naudsynt. Om det skulle vere behov for lagerplass kan vi òg vere hjelpsame med dette.
Ved vår base har vi vedlikehaldsarbeidarar som utfører vaske- og malingsoppdrag samt vedlikehald.
Ervik Supply er en totalleverandør av utstyr og sender samla det kunden treng til ulike destinasjonane både innanlands og i container til det store utland. Vi har igjennom dette tileigna oss svært gode fraktavtale som og vil kome våre kundar til gode.
+47 57 85 94 12
+47 918 77 864
jan@ervikhavfiske.no
+47 57 85 94 13
+47 901 23 978
kjell.magne@ervikhavfiske.no
+47 57 85 94 26
+47 951 88 697
terje@ervikhavfiske.no
+47 57 85 94 14
+47 468 89 137
paul@ervikhavfiske.no